Frå kraftig vind til stormflo

Denne trampolina fekk seg ein luftetur natt til søndag. Frå søndag til tysdag er det ikkje venta like mykje vind, men det er venta stormflo og ein bør difor sikre fortøyingar og lause gjenstandar i strandsona.  

Nyhende

Natt til sundag var det kraftig vind som slo inn over Sunnmøre, noko som mellom anna førte til at lause gjenstandar fekk seg kortare eller lengre flygeturar.

Dei komande dagane er det ikkje venta like mykje vind, men frå søndag til tysdag er det venta svært høg flo.

Det er sendt ut gult farevarsel for tidsrommet søndag morgon og natt til måndag, då det er venta vasstand estimert til 50–60 centimeter over tidevasstabellen. Vatnet er venta å vere på det høgaste mellom 11:00 og 12:00, samt mellom 23:00 og 24:00 søndag. Varselet gjeld frå Hordaland i sør til Trøndelag i nord.

Etter meldingane vil vatnet stige endå meir etter helga. Frå måndag til tysdag er det sendt ut oransje farevarsel og det er venta at vasstanden kan vere frå 60–75 centimeter over tidevasstabellen. Dette varselet gjeld for Møre og Romsdal og Trøndelag.

Båteigarar blir oppmoda om å sjekke fortøyingane på båtane sine og ein bør elles sikre lause gjenstandar i strandsona.

Oppgradert til ekstremvêr

Søndag ettermiddag har Meteorologisk institutt oppgradert varselet til eit ekstremvarsel.

Det er ekstremvêret "Elsa" som slår inn over kysten og natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand i Møre og Romsdal. På det meste ventar ein no at vasstanden kan vere mellom 80 til 100 centimeter høgare enn høgda oppgitt i tidevasstabellen.