Hotellet utvidar uteområdet for servering

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Quality Hotel Ulstein skal forlenge eksisterande uterestaurant mot sør, og har søkt Ulstein kommune om å utvide gjeldande skjenkeløyve til å omfatte også dette området.

Saka var oppe i Levekårsutvalet førre veke. Dei vedtok samrøystes å tilrå kommunestyret til å godkjenne dette. Kommunestyret har møte torsdag 13. februar.