Utsette sak om delegeringsreglement

Annika Brandal fekk med seg kommunestyret i Hareid på å utsette saka om delegeringsreglement, slik at også næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet fekk handsame saka før eit endeleg vedtak.  

Nyhende

Dei fleste ordinære sakene under torsdagens kommunestyre i Hareid vart handsama utan debatt. Slik vart det ikkje då nytt delegeringsreglement skulle opp og rådmann Ragnhild Velsvik Berge var førstemann til å ta ordet.