Amfi Ulsteinvik hadde rundt 1,1 millionar besøkande i 2019 – og omsetninga auka igjen:

– Det har vore stabile år

Med tanke på konkurransesituasjonen og stoda i regionen seier Amfi-senterleiaren seg nøgd med fjoråret. Amfi Ulsteinvik omsette for 262,4 millionar kroner.

Gledeleg med godt besøkt kjøpesenter: Helene Holstad er senterleiar ved Amfi Ulsteinvik. Ho er godt nøgd med at senteret i 2019 hadde rundt 1,1 millionar besøkande, og ei sterk omsetning. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Det svarer til ein auke på 0,2 prosent i høve 2018, men då må ein også ta med at ein i 2018 hadde éin butikk meir enn i fjoråret.