Omsetninga til Blåhuset auka litt i høve året før:

– Godt å klare pluss nok eit år

Det seier senterleiar i Blåhuset Senterforening AS, Kathrine Gåsvik Ulstein – som meiner Blåhuset lukkast med å tilby kundane eit godt og variert varesortiment.

Nøgd senterleiar: Kathrine Gåsvik Ulstein, senterleiar i Blåhuset Senterforening AS, meiner Blåhuset leverer godt – trass i dei tøffe tidene som har prega regionen dei siste åra. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Blåhuset hadde ei omsetning på 223 millionar kroner i 2019 – noko som er ein auke på rundt 1 prosent i høve året før. Senteret hadde elles 850.000 betalande kundar i fjor. Senterleiaren seier seg greitt fornøgd med det.