Ulstein SV inviterte til ope møte:

– Eg opplever at folk treng politikken vår

Korleis kan ein gå frå ein til sju representantar i kommunestyret på få år og få ordførarklubba med på kjøpet? Det var det mange som ville vite, då Yvonne Wold gjesta Ulstein SV søndag.

Rauma-ordførar: Yvonne Wold (til høgre) fekk eit raudt glashjarte frå Elin Pedersen og Ulstein SV som takk for sitt bidrag under det opne møtet i Ulsteinvik. Foto: Andreas Bjerknes. 

Nyhende

Lokallaget inviterte til ope møte på Skollebakken før deira årsmøte og dit hadde dei fått Rauma-ordførar Yvonne Wold. Ho vart den første kvinnelege ordføraren i Rauma og den første ordføraren frå SV i Møre og Romsdal.