Gratis vinterferietilbod

– Vinterferie skal vere for alle, slår Vedrana Terzic fast og ber inn til gratis skidag og andre kjekke aktivitetar i vinterferien.

Ung Arena: Neste veke er det vinterferie, og då arrangerer Ung Arena mange ulike aktivitetar for ungdom mellom 13 og 18 år. Fredagen blir det skidag til Hornindal skisenter, der skal både Ludvik Flatin Rosbach og Abdi Seymey vere med. Frå venstre: Gerd Bang Breivik (pensjonert lærar og frivillig leksehjelpar, Ludvik Flatin Rosbach, Vedrana Terzic, Abdi Seymey og lærling Rebekka Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Ung Arena har frå før ein rekkje tilbod i Ulstein. Dei er eit tilbod for alle mellom 13 og 18 år, eit prosjekt med støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Når Vikebladet Vestposten er innom Ulstein bibliotek måndag ettermiddag er det leksehjelp og frukt. Onsdagar er det leksehjelp med middag. Sist laurdag arrangerte dei Open hall, då var det hundre ungdomar innom. I Bua kan ungdomar låne gratis sportsutstyr, og om lag ein gong i månaden er det Ung Debattarena.

Ofte tar slike arrangement ferie når det er skuleferie, men det gjer ikkje Ung Arena, tvert i mot. Det er ikkje alle som reiser vekk i ferien. Så dei arrangerer aktivitetar for dei som er heime og ønskjer å kome.

Måndag neste veke er det grilling i Saunesparken. Deretter er det kino på Sjøborg kino: «Sonic the Hedgehog».

Onsdag er det open dag på Skollebakken. Der skal dei lage taco saman og ha forskjellige aktivitetar på Bell ungdomsklubb, som turnering i bordtennis og biljard.

Torsdagskvelden blir det debatt på Ulstein biblioteket: «Gaming, sunt eller ikkje».

Skidag til Hornindalen

Fredag er det skidag til Hornindal skisenter, også det er gratis. Frist for å melde seg på skidagen er torsdag 13. februar, påmelding til vedrana.terzic@ulstein.kommune.no. For å gjennomføre dette arrangementet må dei ha minst 20 ungdomar, mak 40.

Det blir sett opp buss som fraktar ungdomane fram og tilbake. Ung Arena dekkjer også eventuelt utstyr som må lånast og heiskort. Dei tar også med grillmat, men det kan vere lurt å ta med seg ein matpakke i tillegg.

Terzic fortel at dei har med seg instruktørar innan både slalåm og snøbrett, så ein treng ikkje vere ein racer i bakken for å vere med. – Dette er for alle, også dei som ikkje har stått på ski før, slår Terzic fast.

På skidagen er det bindande påmelding, men for dei andre aktivitetane er det berre å dukke opp, så tilpassar dei tilbodet litt etter kor mange som kjem.

Samarbeider med Bell

Ung Arena samarbeider med Bell Ungdomsklubb, så dei ikkje har konkurrerande arrangement.

Og i mars planlegg dei ei aktivitetshelg.