Fristen går ut i morgon

Nyhende

Har du tenkt å vere med Ung Arena på skidag til Hornindal skisenter bør du melde deg på snarast.

- Det er få plassar att på skituren til Hornindal fredag 21. februar, seier Vedrana Terzic til Vikebladet Vestposten.



Som Vikebladet skreiv blir det aktivitetsveke i veke 8 i vinterferien. Alle ungdomar mellom 13-18 år er velkomne til å delta.

Det trengs ikkje påmelding til dei andre aktivitetane, men skal du på skituren til Hornindal du melde deg på før fristen i morgon 13. februar.

Det er få plasser att, så gjer det snarast, er oppmodninga frå Vedrana Terzic.