Prøveordning med innsamling av landbruksplast

Det er mykje plast i landbruket.   Foto: Halvard Alvik/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

I år vil Felleskjøpet prøve ut ei ordning med innsamling av landbruksplast.

Det er bønder i Folldal, Rendalen, Alvdal, Tynset og Stor-Elvdal som skal teste tilbodet, skriv Nationen.

Felleskjøpet skal samle inn plasten når dei likevel er på gardane, for eksempel når dei leverer gjødsel, i staden for at bøndene sjølv må frakte det til ein avfallsstasjon med Grønt Punkt.

Det er rundballeplast, gjødselsekker og kanner med ensileringsmiddel som skal samlast inn.

– Målet er at det skal bli enklare for bonden, mindre plast på avvegar og at plasten som blir attvunnen, kan bli til plastposar i Felleskjøpets butikkar, seier Jan Håvard Kingsrød, produktsjef for blant anna rundballeplast i Felleskjøpet, i ei pressemelding.

På seinsommaren i fjor vart det kjent at meir enn 2.000 tonn landbruksplast ikkje blir levert til attvinning.