Tiltalt for køyring utan førarkort

Nyhende

Ein mann i 40-åra frå Hareid må møte i tingretten, tiltalt for fleire gongar å ha køyrt bil utan førarkort.

Ifølgje tiltalen var han på køyretur i Saunesvegen i Ulstein i januar i fjor, og i Hareid sentrum i april og juni.

Bilen var den same på alle tre turane.

Mannen må møte i Sunnmøre tingrett 10. mars.