– Fortel pårørande at du vil bli organdonor

– Det tek 3 sekund å seie til ein pårørande «eg vil bli organdonor». Ta den samtalen med dine næraste, oppmoda Hege Lundin Kuhle i stiftinga Organdonasjon under det opne møtet i Hareidhallen måndag.

Bli organdonor: Oppmodinga frå både dagleg leiar Hege Lundin Kuhle i stiftinga «Organdonasjon» og Vinjar Vikanes til dei frammøtte i Hareidshallen måndag, var at folk må seie frå til sine pårørande viss dei ønskjer å bli organdonorar. Vikanes fekk nytt hjarte for fire år sidan. 

Nyhende

Salen var knappast halvfull då Bjørn Teigene på vegner av rotaryklubbane i Hareid og Ulstein ønskte dei frammøtte velkomne. Men om oppmøtet ikkje var så stort som arrangørane hadde håpa på, så fekk til gjengjeld dei frammøtte høyre sterke historier. Både i form av filmkutt – og ikkje minst den dramatiske forteljinga som Vinjar Vikanes delte om si eiga sjukehistorie. Vikanes fekk nytt hjarte for fire år sidan, og var klar på at han ikkje hadde levd i dag utan ein organdonor. (Sjå eiga sak «Vi møter»).