Positiviteten er stor på Ytre Søre: – Vi har god fart inn i 2020

Smil og glede: Avdelingsbanksjef ved Ulstein-avdelinga, Lillian Kleven Breivik (t.v.), administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, og banksjef for personmarknaden, André Skotheim, er godt nøgde med resultata lokalbanken kan vise til i 2019. – Vi er stolte over arbeidet som alle i organisasjonen gjer kvar dag, seier dei tre. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Veksten held fram ved Ulstein-avdelinga til Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og avdelinga veks framleis mest i heile Sparebank 1-alliansen. Konsernet i sin heilskap leverte tidenes beste resultat i 2019.