Nominert til Spellemannsprisen

– Det er hyggeleg det

– Eg har spelt i mange band, men aldri vore nominert til Spellemannsprisen før, kommenterer gitarist Ole Walaunet i Gaahls WYRD.

Ole Walaunet: Ole Walaunet er gitarist i gruppa Graahls WYRD, som er nominert til Spellemannsprisen. Siste helga i mars har dei tenkt seg til Oslo for å vere med på utdelinga. Dei har nettopp lagt bak seg ein lang Europa-turné med Mayham, og utover våren og sommaren blir det ein del speling på festivalar. I tillegg arbeider dei med ein større turné mot slutten av året.   Foto: Romain Keller

Nyhende

Walaunet har budd i Bergen i mange år, men er opphavleg frå Ulsteinvik. Og ja, han er broren til Tommy Walaunet, som er administrerande direktør i Island Offshore.