Mange markerer valentinsdagen

Marita Rekkedal Kulen og Viktoria Sandvik ved Bellis Blomster på Amfi i Ulsteinvik.  Foto: Eros Magnus Coratti

Nyhende

Butikksjef på Bellis Blomster på Amfi i Ulsteinvik, Viktoria Sandvik, fortel at mange har vore innom på valentinsdagen fredag 14. februar.

- Både unge og godt vaksne ser ut til å markere dagen, vi sel meir på valentinsdagen enn ein vanleg dag, seier Sandvik.

Ein av dei som kjøpte med seg ein rosebukett var Trond Bigset.

- Eg skal overraske fruen. Eg bryr meg ikkje om det er valentinsdag eller ikkje, eg hadde uansett kjøpt blomster, seier Bigset.


Sjøborg kino hadde ein Facebook-konkurranse i høve valentinsdagen, der ein vinnar fekk to gratisbilletter og to popcornmenyar.

– Vi hadde ein fantastisk respons på konkurransen med heile 660 kommentarar, seier kinosjef Kristine Brungot.

På Ulstein vidaregåande skule snakka lokalavisa med to av elevane.

- Eg skal vere saman med kjærasten min, vi skal ete middag saman, seier Erika Andersson.

Maria Amundsen fortel at ho skal feire bryllaupsdagen til foreldra og elles henge med kjærasten.