Trafikkulukke ved Dragsundbrua

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde om ei trafikkulukke ved Dragsundbrua via sin Twitter-konto klokka 12.39 søndag.

Ein bil hadde køyrt av vegen. Det vart elles meldt om låg fart - og ikkje meldt om personskade.

Naudetatane var raskt på staden.

Klokka 12.47 melde politiet at det ikkje var verken personskade eller materielle skader.