Forskar trur på meir flytande havvind

Europeiske havvindparkar blir stadig større. Dei neste åra er det venta ein stor auke i flytande havvind.

I 2019 auka nybygginga av europeisk havvind med 38 prosent. Dermed er den totale mengda europeisk havvind som blir produsert, på 22 gigawatt. Illustrasjonsfoto: Øyvinf Gravås / Equinor / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

I 2019 auka nybygginga av europeisk havvind med 38 prosent. Dermed er den totale produksjonen av europeisk havvind på 22 gigawatt, skriv E24.

– Havvind står framleis berre for ein liten del av verda si energiforsyning, men potensialet er enormt. Det internasjonale energibyrået (IEA) har berekna at havvind har potensial til å levere elkraft tilsvarande 18 gonger verda sitt behov, seier sjefforskar John Olav Giæver Tande ved Sintef.

Flytande havvind er eitt av områda som er venta å ekspandere kraftig dei neste åra.

Ifølgje tal frå WindEurope kjem Europa sin produksjon av flytande havvind til å auke med 453 prosent, frå 45 megawatt i dag til 249 megawatt dei neste tre åra, skriv E24.

I dag er ingen flytande norske havvindprosjekt i drift, men i 2022 opnar Equinor prestisjeprosjektet Hywind Tampen på 88 megawatt, som skal koplast til dei norske oljefelta Snorre og Gullfaks.

– Parken vil redusere CO2-utslepp frå olje og gassplattformene tilsvarande dei årlege utsleppa frå cirka 100.000 personbilar. Potensialet for fleire norske parkar er stort, seier Tande.