Er dataspeling sunt eller ikkje?: YouTube-kjendis deltek på Ung Debatt-arena

Torsdag kveld inviterer Ung Arena til debatt om kor vidt dataspel er sunt eller ikkje. F.v. prosjektmedarbeidar i Ung Arena Aurora Dimmen Bratli, Elise Bergseth og lærling ved kulturkontoret Rebecca Hareide Vartdal.  Foto: Eros Coratti

Nyhende

Ung Arena i Ulstein har invitert YouTube-influensaren og gamingmillionæren Joachim Haraldsen, betre kjent som Noobwork, til å vere med i debatten på Ulstein bibliotek i kveld. Der er temaet «Gaming, sunt eller ikkje.»

–Eg synest det er positivt at vi klarer å trekke store namn til Ulstein, seier prosjektmedarbeidar for Ung Arena, Aurora Dimmen Bratli til Vikebladet Vestposten.



– Eg gjer jobben min når eg greier å skaffe dei ungdomen vil ha, seier ho.

Ung Debatt-arena denne gongen dreier seg om gaming.

– Dette var eit emne som ungdommane i ressursgruppa for Ung Debatt-arena ynskte at vi skulle ta opp, forklarer Aurora. Ho fortel at dei på denne måten ønskjer å setje lys på både dei negative og dei positive sidene ved dataspel, seier ho.

– Gjennom deltakarpanelet og spørsmål frå salen håper eg vi får ein god debatt. Sjølv om vi ikkje har fått med oss ein deltakar i panelet som er klart i mot gaming, vil dette kanskje vere argument som vert lagt fram som eit ope sprlsmål frå salen slik at vi kan få reflektere fleire syn, seier ho.


Ville tilstandar under "Noobwork"-besøk

Joachim "Noobwork" Haraldsen hadde ein "meet up" på Amfi Ulsteinvik laurdag, der fleire hundre born og unge møtte fram. Han tok seg god tid til å svare på spørsmål og gi autografar til alle som ville.


Noobwork starta si eigen YouTube-kanal i 2013, og med sine nær 190.000 abonnentar og 132.000.000 visningar i 2018 er kanalen hans Noregs mest populære norskspråklege gamingkanal på YouTube. I 2017 hadde Noobwork salsinntekter på over 2,1 millioner kroner i følgje Kampanje. Joachim Haraldsen har ikkje fullført videregående, og har dermed ingen høgare utdanning.

Sender Ung Arena ut feil signal til ungdommen når dei inviterer ein som Noobwork, som er eit eksempel på at det er mogleg å bli millionær og samstundes ikkje fullføre vidaregåande skule, men game i staden?

– Dersom det hadde vore eit foredrag med berre han,kunne eg ha forstått at dette kunne vere problematisk. Vi har invitert fleire i diskusjonen, og ettersom vi har fleire ulike aktørar inne balanserer vi dette bildet, svarer Aurora Dimmen Bratli.

Vikebladet Vestposten har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Joachim "Noobwork" Haraldsen for ein kommentar.

Satsar på skule framfor gaming-karriere

Vi tek turen innom Ulstein-LAN og slår av ein liten prat med Heine Grimstad og Bartek Baralanender. Dei har begge høyrt om Noobwork, men har ikkje høve til å komme på debatten.

Bartek Baralanender og Heine Grimstad likar godt å spele dataspel, men meiner at skulegang er det viktigaste.  Foto: Eros Coratti

Bartek meiner at Noobwork lagar gode videoer for nybegynnarar.

Når det gjeld å skaffe seg ein karriere innan gaming er dei to gutane litt uenige i om dei også kunne tenke seg å satse på noko slikt.

– 50/50 prosent sjanse, gaming er hobby, men kanskje, seier Bartek.

Heine Grimstad kunne ikkje tenke seg ein karriere som YouTube- gamer.

Men begge to er fast medvitne på at gaming ikkje skal setje ein stoppar for skulegangen.

– Skule er viktig, er dei einige om.