Full fart døgnet rundt i LAN-kiosken

Anne-Margrethe Einang har hovudansvaret for at over tre hundre unge LAN-deltakarar skal få mat, døgnet rundt.

Mat må ein ha: Anne-Margrethe Einang (f.v.), Erika Brandal og Eva Lene Husøy er mellom dei som legg ned mange arbeidstimar under UlsteinLAN. Kiosken er open heile døgnet under datatreffet og det kan verte lange vakter for dei kioskansvarlege. 

Nyhende

Då vi besøker hallen i Ulstein Arena vel eit døgn ute i UlsteinLAN har det blitt selt 237 pizzastykke. I tillegg sel kiosken chips, bagettar og mykje anna godt, som til dømes årets nykomar på menyen, kebab.