Helsehuset

Presenterte Hareid si nye storstove

Ungdomsrådet kom med innspel som at dei ønskjer å vise film på biblioteket, og at der bør vere saccosekkar. Medan dei eldre var meir opptatt av universell utforming og teleslynge.

Med scene: Inne på biblioteket er det tenkt ei lita scene til ymse arrangement som føredrag eller liknande. Når der ikkje er arrangement kan ein sitje oppå der og lese. Det blir rampe så ein også kjem seg opp med rullestol. Biblioteket blir delt opp i ulike soner, så ein både kan finne seg til rette om ein vil sitje i fred og lese eller om ein vil vere sosial. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

I desse dagar reiser det seg eit nytt stort bygg midt i Hareid sentrum. Helsehuset skal romme legesenter, helsestasjon, distriktstannklinikk, NAV og Hareid folkebibliotek.