Psykologtime om rus

– Flatfylla er ekstremt skadeleg

Sjølv om mange ungdomar ikkje har problem med alkohol eller narkotika, veit me at det også er ein del som slit, sa politi Annelinn Moe og kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust.

Prat: Tomas Myklebust og Annelinn Moe oppmoda dei rundt hundre frammøtte om å snakke med ungdomane sine om rus. Ikkje berre sei at det er farleg, informer dei om skadeverknadene. Ein bør heller ikkje vere fordømmande, men opne, og still gjerne litt naive spørsmål. Om ein lurer på kva ein skal gjere kan ein gjerne ringje politiet og be om å få snakke med førebyggande avdeling. Dei vil gjerne hjelpe ungdomane.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ei fersk Ungdata-undersøking seier at 3 prosent av ungdomsskuleelevane i Ulstein har rusa seg på alkohol, og ein prosent har brukt cannabis siste året.