Arbeidsløysa på veg ned

Hareid har dei høgaste arbeidsløysa i fylket, med 3,3 prosent. Hakk i hæl kjem Sande og Herøy med 3,2 og 3,1 prosent. Foto: Arkiv.  Foto: Nav

Nyhende

Tala frå Nav for ein månad sidan viste at arbeidsløysa i Ulstein og Hareid hadde gått opp i januar samanlikna med desember.



Men no kom det ferske tal for februar, og no ser det ut til at arbeidsløysa går nedover. Medan arbeidsløysa i Ulstein var på 2,3 prosent i januar, var ho i februar på 2 prosen.

I Hareid er arbeidsløysa på 3,3 prosent, noko ho var både i januar og februar.

Statistikken syner at det er færre ledige både i Ulstein og Hareid samanlikna med same periode ifjor. I Ulstein er det 47 færre ledige, i Hareid 14 færre ledige.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er på 2,1 prosent, i Noreg 2,3 prosent.