Samtale med biskop Midttømme

– Eg har vore sint på Gud

Biskop Ingeborg Midttømme fortalde om korleis sjukdomen hennar har påverka gudstrua hennar. Sjølv om ho har vore sint og fortvila, har han alltid vore der og ho har vendt seg til han, fortalde ho.

Sårbarheit: Temaet for kvelden var sårbarheit, og biskop Ingeborg Midttømme vart fleire gonger gripe av det dei snakka om og måtte ta små pausar. Ein gong brast stemma. Men ho sa at for henne er det viktig å vise sårbarheit. Kyrkja skal ikkje berre vere for dei vellukka. I kyrkja skal ein kome som ein er og finne kvile. – Kyrkja er nåderommet, her får ein kvile, sa ho. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Då Alf Kjetil Walgermo tidlegare i veka melde forfall til treffet Hareid kyrkjeakademi skulle ha i Hareid kyrkje torsdagskvelden, kontakta Erlend Friestad biskop Ingeborg Midttømme. Ho skulle likevel vere i Hareid på bispevisitas den dagen, kunne dei få til eit arrangement i lag? Jau, Midttømme foreslo at dei kunne snakke om sårbarheit, og slik vart det.