Helgas handballkampar er avlyst

Avlyser kampar: Hødd var gjennom to tette kampar sist helg. Denne helga skulle Hødd møte Volda 2, og Hareid dei to topplaga – men alle kampar under 2. divisjon er no avlyst.  Foto: Andreas Bjerknes/Arkiv.

Nyhende

Det var eigentleg duka for lokaloppgjer mellom Hødd og Volda 2 i Ulstein Arena og kampar mot to topplag for Hareid førstkomande helg – men kampane blei bestemt avlyst onsdag.

Både Hødd og Hareid sine handballag skulle eigentleg i aksjon førstkomande helg – men på grunn av situasjonen rundt spreiinga av koronaviruset avlyser Norges Håndballforbund all regional kampaktivitet frå og med torsdag 12. mars.

Vedtaket blei fatta av ei samla nasjonal leiargruppe i Norges Håndballforbund (NHF). Nasjonal leiargruppe, som består av NHF sin generalsekretær og regionane sine daglege leiarar, var samla på Ullevaal stadion onsdag for å vurdere dei tydelege signala frå Folkehelseinstituttet i lys av koronaviruset si spreiing.

Med det regionale tilbodet meiner ein alle seriar og kampaktivitetar i regi av Norges Håndballforbund, for begge kjønn og i alle aldersklassar – med unntak av REMA 1000-ligaen, 1. divisjon og 2. divisjon, som sorterer under det nasjonale tilbodet.