Koronaviruset sett frå Hareid og Ulstein

Det er lenge sidan det vart påvist covid-19-tilfelle i Hareid og Ulstein.

Korona-testing i ein garasje ved Ulstein legesenter  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

11.05.20: Nye testresultat frå Ulstein:



08.05.20: Både Hareid og Ulstein har planen klar for skuleopninga:





08.05.20: Lokal handel i koronakrisa er tema i leiarartikkelen denne veka:



08.05.20: Sytten testa seg onsdag i Ulstein:



07.05.20: Regjeringa med pressekonferanse, skulane opnar igjen neste veke:



07.05.20: Tussa planlegg direktesending på 17. mai:



06.05.20: Sportsbutikkane merkar auke i salet:


Sport- og fritidsbutikkane i Ulstein og Hareid gjer det svært godt under koronakrisa:

- Folk har heilt klart blitt meir opptekne av å kome seg ut

Både G-Sport og Intersport i Ulsteinvik, men også Sport 1 på Hareid, har alle merka ein tydeleg oppsving dei siste vekene. El-syklar, turtøy og sko er blant dei mest populære produkta.


05.05.20: Kyrkjene opnar igjen:



01.05.20: 11 testa i Hareid - alle negative:



27.04.20: Egil Moe (73) vart bøtelagd i Frankrike då han køyrde heim frå Spania til Eiksund:



27.04.20: Småskulen opna igjen:


Tredjeklassingane på Bigset feira skulereturen ved tuntreet:

- Veldig godt å vere tilbake igjen


20.04.20: Lensmannskontoret held framleis stengt:



20.04.20: Ingen nye smittetilfelle påvist:



16.04.20: Koronasmitte førte til bemanningstrøbbel i helseetaten:



16.04.20: Kommunane bur seg til å opne igjen:



16.04.20: Etter påske er det teke tretten testar i Ulstein, éin i Hareid:



15.04.20: Fylkeskommunen vil ha innspel frå den eksportretta industrien:



15.04.20: Koronaviruset set ein stoppar for Hareidsstemna:



07.04.20: Regjeringa varslar fleire endringar i koronatiltaka:





07.04.20: Ordførarane i Hareid og Ulstein snakkar om korleis dei har opplevd dei siste vekene:





06.04.20: - Koronasituasjonen er no under kontroll i Noreg, seier helseminister Bent Høie:



06.04.20: Fleire idrettsanlegg blir opna:


Opnar anlegga

Hareid IL opnar for trening etter tidlegare treningstider, medan Hødd og Hasundgot ventar med den organiserte aktiviteten.


05.0.20: Alle testane som har blitt gjennomført inn mot helga var negative:



02.04.20: Både ordføraren og smittevernlegen i Ulstein ber tilreisande ta ansvar:



02.04.20: Mange får ikkje brukt hytta si, fordi den ligg i ein annan kommune. Men ekteparet Geir-Ove og Merete Molvær i Ulsteinvik er av dei heldige som eig hytte i heimkommunen:



02.04.20: Ny krisepakke frå regjeringa:



02.04.20: Biblioteka i Hareid og Ulstein tilbyr boklån til påske- sjølv om biblioteka er stengde:


Tilbyr bøker til påske

Treng du påfyll av bøker til påske? No kan du bestille «take-away» på biblioteket


02.04.20: Fire personar er ute av isolasjon og er erklært friske i Ulstein:



01.04.20: Hareid har ingen nye smittetilfelle av korona:



01.04.20: Endå to personar har fått påvist koronasmitte i Ulstein:



31.03.20: Ulstein kommune meiner dei har funne smittekjelda, etter at fleire tilsette i helseetaten har fått påvist covid-19-smitte:



31.03.30: Ingrid Måseide frå Ulsteinvik måtte avbryte praksisopphaldet i Tanzania og kome seg heim då pandemien braut ut:


Ingrid frå Ulsteinvik hadde praksis i på eit sjukehus i Tanzania då pandemien kom

– Det verste var å reise så brått og ta farvel


30.03.20: Også kyrkjene må vere kreative når det meste av samfunnet er nedstengt:


Feira barnedåp ved hjelp av Facebook

Vesle Henrik vart døypt både etter kyrkja sine føresegner og kommuneoverlegen sine smitteverninstruksar.


30.03.20: Koronasituasjonen påverkar næringslivet i regionen:





30.03.20: Påvist smitte på ein sjette person i Ulstein kommune:



29.03: Femten år gamle Mathea Holte Grevstad i Ulsteinvik skriv om den nye kvardagen:



29.03: Utdanningsforbundet Møre og Romsdal ved fylkesleiar Gerd Botn Brattli takkar lærarane for innsatsen dei gjer:



28.03.20: Dei Nynorske festspela blir avlyste i år:



27.03.20: Quality Hotel Ulstein stenger dørene:



27.03.20: 110 helseareidarar har meldt seg:



27.03.20: Nytt smittetilfelle på Hareid:



27.03.20: Avsluttar lokale karantenereglar:



27.03.20: Mange kommunalt tilsette har fått andre arbeidsoppgåver på grunn av korona-situasjonen:



27.03.20: Melshorn Hotell på Hareid klagar på kommunen sine karantenereglar:



26.03.20: Hareid gjennomførte sitt første digitale formannskapsmøte:



26.03.20: Maritim forening for søre Sunnmøre, Mafoss, meiner retningslinjene som fylkesmannen oppmodar kommunane i Møre og Romsdal om å følgje, vil skade næringslivet:


Mafoss-leiar Jan Thormodsæter om ulike korona-retningslinjer:

Har fått fleire tilbakemeldingar frå frustrerte bedriftsleiarar


26.03.20: Hareid kommune har gitt mange fritak frå karantereglane:



26.03.20: Høgre og Frp i Hareid vil ikkje utan vidare delegere mynde frå kommunestyret til formannskapet:



25.03.06: Hareid stenger leikeplassar og ballbingar:



25.03.20: - Idrett er sekundært no, seier Karsten Warholm:



25.03.20: Det nye styret i IL Hødd Fotball måtte takle korona-situasjonen:



25.03.20: To nye smittetilfelle påviste i Ulstein. Dei smitta er begge tilsette i helse- og omsorgsetaten:



25.03.20: Russepresidenten på Ulstein vidaregåande skule innser at det truleg ikkje blir noko av russefeiringa:



24.03.20: Det første korona-tilfellet er påvist i Herøy:



24.03.20: Enorm auke i arbeidsløyse:


Enorm auke i heilt ledige i Hareid og Ulstein:

- Dette er ein situasjon vi aldri har sett tidlegare


24.03.20: Regjeringa forlengjer tiltaka for å hindre smitte:



24.03.20: Ulstein-bedrifta WestAuto har levert smittevernutstyr til Ulstein kommune og sjukehuset i Volda:



24.03.20: Kulturskulane i Ulstein og Hareid startar denne veka eit digitalt tilbod for elevane:


– Eg trur det blir gøy

Rakel Haddal Ringstad (6 år) gler seg til å få gå på ballett igjen. Sjølv om det førebels blir i eiga stove.


23.03.20: Korona-viruset har mange konsekvensar: Hødd Handball kan likevel få halde fram i 3. divisjon:



23.03.20: Ulstein kommune vil ikkje innføre eigne karantenereglar, vil halde seg til dei nasjonale retningslinjene:



23.03.30: Noregs Bank har senka styringsrenta med 1,25 prosentpoeng i løpet av kort tid. Også dei lokale bankane kuttar i rentene:



23.03.20: Næringslivet rår Ulstein kommune til å følgje nasjonale reglar for karantene:



23.03.30: Mange har hengt opp hjarte i Ulsteinvik:



22.03.30: Statsminister Erna Solberg ber folk legge plan for alternativ feiring av 17.mai:



22.03.20: Det første smittetilfellet vårt stadfesta i Hareid:



22.03.20: Ein fjerde person har fått påvist smitte i Ulstein:



21.03.20: Hareid endrar sine smitteverntiltak. Opnar for at innbyggarar frå dei to nordlegaste fylke kan få kome inn i kommunen utan å sitje i heimekarantene:



21.03.20: Ulstein ventar med å stramme inn karantenen:



21.03.20: I Ulsteinvik oppmodar Trude Frøystad Leknesund folk til å henge opp hjarte i treet bak Ulstein legesenter:



21.03.20: Herøy kommune endrar reglane for karantene:



21.03.20: Koronasituasjonen rammar også drosjene:



20.03.20: Fylkesmannen vil ha felles karantentiltak i alle kommunane:



20.03.20: Hytteeigarar innser at dei ikkje får brukt hytta i påska:



20.03.20: Påvist smitte på tredje person i Ulstein:



20.03.20: Denne vekas leiarartikkel handlar om korona-saker som er opne eller for abonnentar:


- Det er ein slags dugnad, det også

Lokalavisa er tema i leiarartikkelen denne veka.


19.03.20: - Eg kan ikkje gje meg no, seier kommuneoverlege i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde. Ho såg føre seg jobben som ei ok nedtrapping mot livet som pensjonist, men så kom korona-viruset:


I teneste for folket

– Eg kan ikkje gje meg no, seier Norunn Kirkebø Elde. Ho hadde sett for seg kommuneoverlegestillinga som ei nedtrapping til pensjonisttilværet. Slik vart det ikkje.


19.03.20: Ein pasient med korona-smitte er lagt inn på sjukehuset i Volda:



19.03.20: Legane på Ulstein legesenter oppmodar folk om å bestille videokonsultasjon med fastlegen, slik at færrast mogleg må oppsøke legesenteret:



19.03.20: Mange har fått nye arbeidsoppgåver på grunn av koronasituasjonen. Helsesjukepleiar Hanna Elisabeth Langnes Moldskred er ein av dei:



19.03.20: Hareid kommune opprettar eit samtaletilbod for elevane som går på ungdomsskulen:

Les meir på kommunen si nettside

18.03.20: Hotellet i Ulsteinvik permitterer tilsette:


Permitterer brorparten av dei tilsette – men held i gang drifta:

- Det er ganske tøft no

Quality Hotel Ulstein gjer drastiske grep for at permitterte tilsette forhåpentlegvis skal ha ein jobb å kome tilbake til, seier hotelldirektør Erik Mathias Lystad.


18.03.20: Fleire aktørar i Ulstein går saman for å hjelpe dei som ikkje kjem seg på butikken:



18.03.20: Hødd Fotball har sendt permitteringsvarsel til dei tilsette:



18.03.20: Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, fortel at konsernet har følgt utviklinga rundt spreiinga av koronaviruset tett sidan januar – men vedgår at ei langvarig krise kan vise seg å bli tøffare enn offshorekrisa:


Ulstein Group-konsernsjef Gunvor Ulstein snakkar om koronakrisa og permitteringar:

- Vi er sunnmøringar, vi gir ikkje opp


18.03.20: Søre Sunnmøre Reinhaldsverk ber folk om ikkje å bryte karantenereglane:

Les meir på SSR si Facebookside

18.03.20: Medan Ulstein har to påviste tilfelle av korona-smitte, er førebels ingen påvist smitta i Hareid:



18.03.20: Ulstein kommune opprettar eigen samtaletelefon for born, forleldre og lærarar som treng nokon å prate med:



17.03.20: Eit samla næringsliv på Søre Sunnmøre ber kommunane samordne korona-tiltaka:



17.03.20: Nok ein person får påvist korona-smitte i Ulstein:



17.03.20: Tidlegare Hødd-spelar, Daniel Eid, er i karantene etter at han kom heim frå treningsleir med nyeklubben, Sogndal:



17.03.20: Becky Nouelle Evensen i Brandal reagerer på at ikkje fleire har vorte testa på Hareidlandet:



17.03.20: Det første smittetilfellet er påvist på Hareidlandet: det gjeld ein yngre person i Ulstein. Vedkomande blir no isolert:



17.03.20: Direktør på Melshorn Hotell på Hareid, Linda Haddal Røssevoll, stengde hotellet då kommunen innførte strenge karantenereglar. Vedtaket om stenging baserte seg på mangelfull informasjon, for reglane gjeld berre for innbyggarar i Hareid:


Stengde Melshorn Hotell etter karanteneskjerpinga – basert på mangelfull informasjon:

– Fortvilande situasjon


17.03.20: Kleven-bygde MS Roald Amundsen ligg utanfor Chile, der over 100 legar og tannlegar er koronafaste:



17.03.20: På fem dagar har NAV fått 45.000 søknader om dagpengar ved permisjon:


45.000 søknader om dagpengar ved permisjon på fem dagar

Nav har på fem dagar fått 45.000 søknader om dagpengar ved permisjon, opplyser etaten tysdag.


17.03.20: Politiet er kontakta av tilsette i helsevesenet som uttrykkjer stor uro knytt til at barn og ungdom no samlar seg i grupper og eksponerer seg for smittefare:



17.03.20: Det kjem stadig inn bilde frå dei mange heimekontora. Har du eit bilde du vil dele? Send til redaksjon@vikebladet.no:


- Vil du vise oss heimekontoret ditt?

Har du heimekontor? Då vil vi gjerne ha bilde frå deg!


17.03.20: Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, seier det ikkje er aktuelt å innføre same karantenereglar som er innførte i Hareid:



17.03.20: Hareid kommune har mellom dei strengaste karantenereglane i fylket:



16.03.20: Kyrkja rår til at konfirmasjonar blir utsette til hausten:



16.03.20: NAV Hareid og Ulstein har oppretta ei eiga Facebookside i samband med korona-situasjonen.

Her er sida.

16.03.20: Til saman 34 personar vart i dag testa for koronasmitte i Hareid og Ulstein. I Hareid var talet ti, i Ulstein 24:



16.03.20: Ulstein kommune ber foreldre/føresette støtte borna i opplæringa no når skulane er stengde:

Les meir på kommunen si nettside

16.03.20: Det er stille dagar på Høddvoll. Klubben ventar på nye retningslinjer frå fotballforbundet:



16.03.20: På Hareid vart det måndag sett opp eit Røde Kors-telt ved legesenteret/helsestasjonen, som skal brukast til å teste pasientar for korona-smitte:



16.03.20: Staten tek ein stor del av rekninga for både permisjonar, sjukepengar og omsorgspengar, medan bedrifter får utsett frist for å betale skattar og avgifter:


Stortinget samde om tiltak for å sikre inntekta for folk

Staten tek ein stor del av rekninga for både permisjonar, sjukepengar og omsorgspengar, medan bedrifter får utsett frist for å betale skattar og avgifter.


16.03.20: Ny krisepakke frå regjeringa: permitterte får full løn i tjue dagar:



16.03.20: Helse Møre og Romsdal stoppar mammografiprogrammet inntil vidare:



16.03.20: Folkehelseinstituttet ber alle med akutt luftvegsinfeksjon halde seg heime:


No bør alle med symptom på akutt luftvegsinfeksjon halde seg heime

Folkehelseinstituttet har oppdatert råd til personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon: No bør dei halde seg heime.


16.03.20: Ulstein kommune droppar korona-testing i telt, skal i staden teste pasientar i garasje:



16.03.20: - Det kjem nok daglegvarer ut til butikkane til at folk skal kunne halde seg med mat og andre viktige ting ei god stund framover, fortel Jonny Mork, kjøpmann i Rema 1000 Ulsteinvik:


Rema 1000-kjøpmann Jonny Mork manar til ro:

- Vi får inn godt med varer, ein treng ikkje uroe seg


15.03.20: Hareid kommune med nye karantenereglar:



15.03.20: Bebuarar i Teigane Terasse song "Ja, vi elsker":



14.03.20: Spisestader både i Ulsteinvik og Hareid må gjere endringar:



14.03.20: John Åge Sundal måtte permittere alle tilsette, inkludert seg sjølv:



14.03.20: Kommunane ber alle med helsefagleg utdanning om å registrere seg:



14.03.20: Kriseleiinga i Hareid rår næringslivet til å gjere tiltak:



14.03.20: Hareid kommune vil ha svar i høve koronasmitte:



14.03.20: Matrosane på ferjene er dei største smitteberarane i fylket:


Etterlyser kraftigare korona-tiltak på ferjene:

- Det som skjer no er galskap

Matrosane på ferjene er dei største smitteberarane i fylket. Det meiner Geir Andal, matros på sambandet Stranda-Liabygda.


13.03.20: Synest du det er vanskeleg å vite korleis ein skal prate med borna om koronaviruset? Kommunepsykolog i Ulstein, Tomas Myklebust, kjem med nokre tips i videoane her:



13.03.20: Hareid kommune skriv følgjande på Facebooksida si fredag kveld:

Mange av våre innbyggarar er no på veg heim frå stengde studie- og arbeidsplassar eller ferie andre stader i Noreg. Vi vil gjerne ha våre heim, og vi forstår at de kjem, men vi ber dykk om å vise ekstra omsyn. Her på Hareidlandet har vi heldigvis ikkje registert smitte enno. Vi veit at det sannsynlegvis er uunngåeleg at nokon av våre innbyggarar blir sjuke, men vi håpar at vi kan dryge det lengst mogleg. Vi oppmodar derfor alle som kjem tilreisande om å vere ekstra varsame med sosial kontakt fram til de er sikre på at de ikkje har tatt med dykk smitte. Då er de med på dugnaden for å hjelpe dei svake blant oss - besteforeldre, nevøar og nieser med astma, naboen med kreft, dei med hjarteproblem og andre personar i gruppene som har høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset.

13.03.20: Kommuneoverlegen viser til at liv og helse står på spel på grunn av ein utfordrande smittesituasjon i Noreg – og gir butikkar og restaurantar i Ulstein nokre pålegg:

I medhald av smittevernlova § 4.1 b) og e) har kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde gitt butikkar og resturantar i Ulstein kommune desse pålegga:

  • Gjer ei vurdering på kor mange som kan vere inne i lokalet samtidig og ha kontroll på at det heile tida er færre i butikken/resturanten enn det maksimalt kan vere. Det skal vere minst ein meter mellom kundane/gjestane.

  • Alle kontaktpunkt (dørhandtak, betalingsterminal ol.) må haldast mest mogleg reine med hyppig vask. Vi ber om at alle brødskjeremaskiner vert tekne ut av bruk.

  • Kundane må oppmodast via informasjonsplakatar til berre å ta på dei varene dei sjølve skal kjøpe.

13.03.20: Både Hareid kommune og Ulstein kommune har jamlege møte i krisestaben. - Vi har kontroll på korona-situasjonen, seier ordførarane til Vikebladet Vestposten:



13.03.20: Fjord1 ber dei reisande bli sitjande i bilane og bussen under overfarta med ferjene:



13.03.20: Det er sett opp eit eige korona-telt i Ulsteinvik:



13.03.20: 100 Kleven-tilsette er i karantene:



13.03.20: 100 tilsette ved Kleven Verft i karantene:



13.03.20: Remi Kvalsvik oppretta hjelpegruppe for innbyggjarane i Hareid:



13.03.20: Også folk på Hareidlandet handlar i stor stil på daglegvarebutikkane:



13.03.20: Nattlegevakta vil frå no av vere stasjonert ved Myrvåg legevakt. Dette er frå klokka ti på kvelden til åtte om morgonen (kl 22.00-08.00).

Dette blir gjort for å minske smittepresset mot sjukehuset i Volda.

13.03.20: Ulstein Næringsforum avlyser alle arrangement og deltaking. På Facebooksida si skriv forumet følgjande:

Vi brukar no tida på å kartlegge situasjonen for bedriftene i Ulstein, samt å få ei oversikt over hjelpepakkar og tiltak frå styresmaktene.
Bedrifter med ulike utfordringar, ber vi kontakte oss på post@ulstein-nf.no, der dei speler desse inn. Slik kan vi kanskje koordinere ulike "samløft" for å avhjelpe situasjonen over helga.

13.03.20: Sunnmøre tingrett, som både Hareid og Ulstein soknar til, bestemt seg for å stenge den vanlege drifta frå og med fredag 13. mars til og med torsdag 26. mars.

Les meir her på tingretten si heimeside.

13.03.20: Ulstein kommune stenger sjukeheimen og omsorgsbustadene for alle besøkande inntil vidare. Heilt naudsynte besøk skal avtalast med avdelinga der bebuar bur.

Les oppdatert informasjon på kommunen si heimeside

13.03.20: For å unngå spreiing av smitte er publikumsmottak i Nav Hareid-Ulstein-Sande stengt. Kontakt kontoret på nav.no eller via kontaktsenteret på tlf. 55 55 33 33 (kl 0800 – 1530)

13.03.20: Kommuneleiinga sin planlagde studietur til Austlandet- som vart avlyst, er tema i denne vekas leiarartikkel i Vikebladet Vestposten:



13.03.20: Politiet stengjer publikumstenestene i to veker. Det gjeld også lensmannskontoret for Ulstein og Hareid i Ulsteinvik.

Les meir her.

12.03.20: Både Blåhuset og Amfi i Ulsteinvik reduserer opningstidene frå og med fredag 13. mars. Blåhuset har lagt ut følgjande informasjon på Facebooksida si:

Mandag til fredag kl.10.00 – kl.18.00, Laurdag frå kl.10.00 – 16.00

Valaker Bakeri: Måndag til fredag kl.10.00 – kl.17.00, Laurdag fra kl.10.00 – 16.00

Coop Mega og Apotek 1 har eigne opningstider. Dei nye opningstidene gjeld inntil vidare.

Amfi Ulsteinvik har desse opningstidene frå og med fredag, ifølgje Facebooksida til kjøpesenteret:

Måndag - laurdag 10-18, Braud & Bollur 10-17

Kiwi, Bunnpris og Apotek1 har vanlige opningstider:

Kiwi 07-23 (10-22 søndagar)
Bunnpris 09-22 (09-21 laurdagar)
Apotek1 09-17 (10-15 laurdagar)

Negle Club har STENGT

12.03.20: Søre Sunnmøre Reinhaldsverk gjer tiltak for å redusere faren for koronasmitte. Kommunikasjonsleiar i SSR, Andrea Øien Sæverud, har skrive følgjande:

1. Avfallshentinga held førebels fram som vanleg, men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Gjerne desinfiser både handtak og lok.

2. Ta kontakt med oss på telefon, e-post eller Facebook i staden for å møte opp i administrasjonsbygget.

3. Ved stor pågang på miljøstasjonane kjem vi til å avgrense kor mange som får kome inn samtidig.

4. På miljøstasjonane skal ein unngå handhelsing og nærkontakt. God handhygiene er alltid viktig både for oss og deg. Det er sett fram handsprit i vektbua som ein kan nytte seg av før og etter besøk.

  Foto: SSR



12.02.20: Hareid kommune skriv på nettsida si at det er forbode med samlingar på meir enn 15 personar, og viser til smittevernlova paragraf 4-1. Dette gjeld samlingar både i privat og offentleg regi. Dette gjeld også samlingar i private heimar. Gravferder er unnateke den absolutte grensa på 15 personar. Men dei oppmodar om at berre den næraste familien deltek, og at tilreisande ikkje kjem. Ei minnestund kan ein ta på eit seinare tidspunkt.

12.03.20: SpareBank 1 Søre Sunnmøre har bestemt seg for å stenge alle bankkontor for fysiske besøk og møte

12.03.20: Fylkeskommunen har sendt ut følgjande informasjon: Frå fredag 13. mars kan ikkje dei reisande betale med kontantar på bussar og hurtigbåtar. Det blir færre bussavgangar som ei følge av at alle skular er stengt. Hurtigbåtane vil fortsette å gå i ordinære ruter. Les meir her.



12.03.20: Både Ulstein kommune og Hareid kommune oppdaterer stadig informasjonen til innbyggarane:

Her kan du lese om Ulstein, og her er informasjon frå Hareid

12.03.20: Kyrkjerådet rår til at alle gudstenester blir avlyste:

Les meir her.

12.03.20: Helse Møre og Romsdal har pressekonferanse klokka 17.00, her kan du følgje med:



12.03.20: - Vi har ingen å miste, bidra du også, skriv journalist i Vikebladet Vestposten, Ole-Ottar K. Høgstavoll, i denne kommentaren:



12.03.20: Alle skular og barnehagar i landet blir stengde. Ulstein vidaregåande skule blir til dømes stengd i minst to veker:



12.03.20: Smittevernlege og fastlege i Hareid, Vidar Vollsæter, sit i sjølvpålagt heimekarantene etter skiferien til Tirol i Austerrike:



12.03.20: Ei rekkje arrangement er avlyste:



12.03.20: Kor avlyser arrangement:



12.03.20: Reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik fortel at dei er i ein sårbar situasjon:



11.03.20: Helse Møre og Romsdal tilrår færrast mogleg besøk på sjukehusa:


- Unngå besøk inne på sjukehusa om det ikkje er heilt nødvendig

Onsdag har Helse Møre og Romsdal innført nye reglar.


11.03.20: Handballkampane som skulle spelast i helga, er avlyste:



11.03: Leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein, Ottar Kaldhol, lurer på om dei eldre og andre sårbare menneske som bur heime får naudsynt tilsyn, informasjon om førebygging og varsling om koronoviruset:



11.03.20: Møre og Romsdal fylkeskommune ber tilsette droppe turar til utlandet:



10.03.20: Kommuneoverlegen i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde, ser førebels ingen grunn til å avlyse arrangement:



Sjekk heimesida til Ulstein kommune her.

10.03.20: Hareid kommune avlyser reiser og arrangement:



Sjekk Hareid kommune si heimeside her.

10-11.03.20: Kommuneleiinga i Ulstein har tenkt seg på studietur til Austlandet, men kvelden før avreise blir turen avlyst:







09.03.20: Kongsberg Gruppen, med avdelingar i Ulsteinvik og Hjørungavåg, seier det er for tidleg å seie noko om konsekvensane av koronaviruset:



09.03.20: Statua av Rasofiel Rise blir forseinka på grunn av korona-situasjonen:



09.03.20: Fastlege på Hareid sett i karantene:



09.03.20: Tre personar i Ulstein er sette i karantene:



07.03.20: Innbyggaren i Hareid som vart sett i heimeisolasjon, var ikkje koronasmitta:



06.03.20: Hareid kommune ber folk avgrense besøka på sjukeheimen:



05.03.20: Fleire er urolege for å bli smitta av viruset:



04.03.20: Ein innbyggar i Hareid testa for koronaviruset og sett i heimeisolasjon:



04.03.20: Liten pågang på legesentra i Hareid og Ulstein:



27.02.20: Smittvernlege i Ulstein, Michael Dahl, ber folk ringe, ikkje oppsøke, legesenteret: