Kyrkja, idrettslaga og korpsa tar grep

Nyhende

Norges Musikkorps Forbund tilrår alle korps om å avlyse all aktivitet fram til over påske. Det vil seie alle øvingar og arrangement blir lagt på is, så oppmodar dei musikantane om å øve heime.

Hareid Idrettslag har sendt pressemelding til Vikebladet Vestposten om at dei stoppar all aktivitet.

- Idrettslaget tar vårt samfunnsansvar på alvor og derfor har Hovudstyret i møte i dag vedteke at all aktivitet i idrettslaget blir stoppa ut april, i tråd med retningslinjer frå idrettsforbundet og råd frå kommunen, skriv Jeanette Teigene i Hareid IL.

Ho varslar vidare om at det kan kome endringar, då dei vurderer situasjonen fortløpande. Dei utsett dagens årsmøte, all trening og kampaktivitet. Dei stoppar også all utleige av klubbhuset inntil vidare. Dei som har leigd klubbhuset vil bli kontakta.

Norges Fotballforbund har vedtatt at all breiddeaktivitet skal stoppast ut april. Det vil seie at all form for trening, samlingar og kampaktivitet.

Ulstein sokn har utarbeidd nokre rutinar ved avvikling av gudstenester, gravferd, institusjonsbesøk og trusopplæringstiltak for å minimere smittefaren.

 Gudstenester blir gjennomførte utan nattverd og utan kyrkjekaffi med det antal deltakarar myndighetene tillater til det aktuelle tidspunktet. Gudstenstene blir overført til institusjonane som vanleg og vi arbeider med å finne muligheiter å bruke andre kanalar der ikkje publikum treng å vere fysisk til stades.

 Gravferd vil bli gjennomførte etter behov med minst mogleg deltakarar. Vi oppmoder om å finne andre moglegheiter til å vise medkjensle enn å delta i gravferda.

 Dei som har bestilt dåp fram mot påske vil bli bedt om å utsette det til eit seinare tidspunkt. Alternativt kan dåp bli gjennomført som enkel seremoni separat for kvar dåpsfamilie etter nærare avtale med kyrkjekontoret.

 Dei tilsette skal jobbe i størst mogleg grad på heimekontoret

 Alle samlingar i samband med trusopplæring blir utsett til seinare tidspunkt

 Byggeklossen open barnehage er stengt

 Påskevandringane blir avlyst

 Kyrkjelydsweeekenden er avlyst

 Gospelkorkonserten blir avlyst

 Torsdagskveld på Fredheim blir avlyst

 Korøvingane vil ta ei pause fram til påske

Kyrkjelyden er oppteken av å kunne vere kyrkje for sine medlemar også i krisetider. Dei er tilgjengelege via telefon og på nettet. Kyrkjekontoret vil bli stengt for publikumstrafikk. Dei vil leggje til rette for undervisning for konfirmantar på nett.