Liste over avlyste arrangement

Hilde Marte Garnes og Akshat Gupta skulle halde eit føredrag på Senioruniversitetet med tittelen "Kva kan Vesten lære av India?". Men det er no førebels avlyst. 

Nyhende

Dei siste timane har det kome ein del avlysingar av planlagte arrangement for å unngå smitte av koronaviruset.



Mellom anna skulle Senioruniversitetet ha eit møte tysdag 17. mars der Hilde Marte Garnes og Akshat Gupta skulle halde føredrag. Det er no førebels avlyst.

Blandakoret Hemingen har avlyst konserten dei skulle ha førstkomande laurdag, med musikk av Gitarkameratene.

Con Moto skulle ha korkafé på Vikholmen i kveld, men det er avlyst.

Herøy kommune avlyser kveldsføredrag 17. mars og fagdag 18. mars.

Herøy mållag skulle ha eit arrangement 19. mars på Herøy folkebibliotek, men det er avlyst.

Sunnmøre kommunale Opplæringskontor melder om at fylkesmeisterskapen i helsefagarbeid er avlyst. Det var planlagt 20. mars i Ørsta kulturhus.

Komande sundag var det planlagt kveldsmessejubileum i Herøy, der Dagfinn Lyngbråten skulle kome. Men det er no også avlyst.

Hareid Frivilligsentral melder på Facebook at dei avlyser hobbyklubben ei tid framover. Dei avlyser også seniornett ei tid framover.

Den 31. mars skulle det vere Kick off i Hareidhallen, men det er no avlyst.

Førstkomande laurdag skulle det vere open hall på Ulstein Arena, men det er også utsett.

Russen ved Ulstein vidaregåande skule avlyser sleppfesten som eigenleg skulle vere 21. mars.

Ulstein helsestasjon avlyser foreldreførebuingskurset i mars. Kursa blir ikkje tatt opp igjen, før situasjonen rundt korona-viruset betrar seg og er avklart.

Polarkvelden med Peter Schmidt Mikkelsen om Nordaust-Grønland 20. mars er avlyst.