«Vonheims venner» og Rasofielgarden

Fekk pris for godt vern

– Utan innsatsen til medlemmene, gjennom dugnad og pengegåver, hadde det ikkje vore mogleg å halde Rasofielgarden i stand, seier Aud Grimstad, leiar i «Vonheims Venner».

Fekk pris: Aud Grimstad (leiar) og Johs Klungsøyr (t.v.) kunne sist laurdag ta i mot «Godt Vern»-prisen for arbiedet som er gjort med å setje i stand og halde ved like Rasofielgarden Vonheim. Prisen vert delt ut av Fortidsminneforeningen sitt lokallag på Sunnmøre og Sunnmørsposten. 

Nyhende

Sist laurdag fekk Rasofielgarden si venneforeining, «Vonheims Venner», overrekt «Godt Vern»-prisen. Prisen vert delt ut av Fortidsminneforeningen sitt lokallag på Sunnmøre i samarbeid med Sunnmørsposten.

– Det betyr mykje at alt arbeidet vi har lagt ned i å ta vare på Rasofielgarden vert sett og gjort stas på, seier Aud Grimstad som deler heideren med alle medlemmene i støtteforeininga «Vonheims Venner».

Rasofiel Rise (1844–1929) bygde opp garden sin til ein kulturinstitusjon. I 1964 overlèt sonen hans, Randulf Rise, garden til Hareid kommune.

I dag er det ei stifting som eig bygdetunet og venneforeininga «Vonheims Venner» tek seg av vedlikehaldet.

«Vonheims Venner» vart etablert i 2004.

- Dugnad verd tre millionar kroner

– Eg vil tru at verdien av alt dugnadsarbeidet svarar til nærare tre millionar kroner, seier Johs Klungsøyr som har vore primus motor for venneforeininga i alle dei år.

Ifølgje juryen for årets «Godt Vern»-pris har «Vonheims Venner» gjort «ei grundig og godt utført istandsetting av huset, og at arbeidet er gjort med interesse og kunnskap om ei god restaurering,» Ifølgje statuttane skal prisen gå til «privat eier eller forvalter av eldre verdifull bebyggelse på Sunnmøre, hvor det tydelig fremgår at eieren/forvalteren etter beste evne søker å ta vare på de antikvariske og arkitektoniske verdier.»

Det var Judith Musther frå Fortidsminneforeningen som overrekte prisen, ei teikning av huset som Inger Giskeødegård har laga. Johs Klungsøyr og Aud Grimstad tok i mot på vegner av «Vonheims venner». Saman med prisen følgjer det også ein plakett som skal monterast på bygningen.

Interiøret er langt på veg ført tilbake til slik det var i Vonheim sine glansdagar.

– Vi har pussa opp rom for rom. No er det gjesterommet oppe i loftsarka og rommet til Allaug som står att, fortel Grimstad og Klungsøyr.

Sjeldant tapet

Når det gjeld gjesterommet er planen å få erstatta det gamle og sjeldne tapetet som Randulf Rise fekk sett opp då han sette i verk ei ombygging av huset på midten av 30-talet. Tapetet er i dag svært falma på grunn av sollys.

– Kvar Randulf fekk tak i dette tapetet er uvisst, vi veit ikkje kven som har produsert det, fortel Johs Klungsøyr.

– Tapetet er trykt med sju ulike fargar og det vert temmeleg dyrt for å oss å få laga ein kopi. Vi håper difor at nokon vil vere med å koste dette, mot at dei får rettane til tapetet, seier Aud Grimstad.