Gjorde som italienarane: Naboane på Teigane Terasse song "Ja, vi elsker" for full hals

Naboane på Teigane Terasse syng "Ja, vi elsker" saman.

Nyhende

Den er ikkje så enkel, tida vi er inne i no, der spreiinga av det frykta koronaviruset pregar nyheitsbildet, og dei fleste må halde seg heime. Samfunnet i sin heilskap er sett på pause.

Men, dei italienske folket, som for tida er svært hardt råka av koronasmitta, har gjort noko som har inspirert enkeltpersonar og store grupper menneske rundt om i verda til å gjere det same.

Dei har opna vindauga og altandørene sine, og syng songar saman. For sjølv om ein sit i karantene, kan ein synge saman.

Og nettopp det ønskte naboane på Teigane Terrasse på Hareid å prøve sjølve.

På initiativ frå Toril Overå kom naboane ut på altanane sine søndag, med norske flagg og store smil - og song nasjonalsongen saman. Tenor Arild Grimstad ønskte å by på litt ekstra, så han song like godt flott operasong til naboane sine.

Det heile blei fanga på video, og dei to videoane Vikebladet Vestposten har fått løyve til å vise i denne saka er filma av Toril Overå og Stine Strømmegjerde.

Sjå video i toppen og botnen av saka. I toppen ser du naboane som syng saman - og i botnen ser du Arild Grimstad som syng opera.

Arild Grimstad syng operasong for full hals frå altanen sin, til naboane sine.