– Demokratiet skal leve også i krisetid

Ordførarane Knut Erik Engh og Bernt Brandal fortel at dei arbeider for å få på plass måtar ein kan ta vare på lokaldemokratiet. Foto: Arkiv/Montasje. 

Nyhende

Hareidsordførar Bernt Brandal er klar på at lokaldemokratiet er viktig, også i desse tider. Difor arbeider dei no med å finne løysingar på korleis dette skal organiserast framover når ein ikkje kan samle mykje folk i eit rom. Han meiner det er viktig at det kommunen driv med er politisk forankra.

Dei har hatt orienteringsmøte i formannskapet, og legg opp til jamnlege formannskapsmøte. Men i staden for å møtast fysisk arbeider SSIKT med å finne tekniske løysingar, så dei kan kople seg opp og sjå kvarandre på video medan dei har møte.

Dei arbeider også med å få på plass reglar så hastesaker kan delegerast frå kommunestyret til formannskapet. Neste kommunestyret blir truleg eit skriftleg møte, noko som gjer at dei ikkje vil ha så mange saker på sakslista, og sakene som skal opp bør vere av ein slik karakter at dei normalt ikkje vil føre til så mykje diskusjon.

– Å få på plass det tekniske og formelle har høg prioritet, seier Brandal og legg til at dei bruker KS og Fylkesmannen for å avklare korleis dette bør gjerast.

Ulsteinordførar Knut Erik Engh seier at dei arbeider med å få på plass det tekniske. Dei vil ha på plass video-løysingar der også pressa kan kople seg på og vere med.

Dei vil skuve litt på dei planlagte møta, så dei får dette på plass, så dei første politiske møta i Ulstein blir etter påske. – Men då tenkjer eg at det blir full rulle, seier Engh.

Han fortel at dei har oppretta ei eiga gruppe for formannskapet der dei held kontakten og kommuniserer med kvarandre.

– Det har vore mykje at kvardagen tar oss. Det er mykje praktisk som skal på plass, og det er krisemøte kvar dag, fortel Engh. Men han håper SSIKT snart har på plass det tekniske så dei får gjennomført videomøte.