Ekspertar trur koronakrisa vil gi fleire skilsmisser

  Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

NPK-NTB: Fleire samlivsekspertar trur koronasituasjonen, med nye rutinar og meir tid saman, vil true parforhold.

– Det kan bli eit skred av skilsmisser etter denne perioden. Det kan vere vanskeleg å redde eit allereie tynnslite parforhold i denne krisa, seier samlivsekspert og psykolog Biancha Schmidt til NRK.

Allereie 7. mars melde Global Times , som er den engelskspråklege versjonen av statlege Folkets dagblad, at fleire enn nokosinne skil seg i den kinesiske byen Xi'an. Også sorenskrivarar i andre kinesiske byar melder om sprengd kapasitet for skilsmisser.

Schmidt seier at ulike menneske kan reagere ulikt ved brot i rutinar. Det kan føre til polarisering, som igjen kan føre til konflikt.

Psykolog og samlivsekspert Frode Thuen samanliknar koronasituasjonen med det å få barn.

– Vi veit jo at livsendringar aukar risikoen for at ein kjem inn i eit dårleg spor. Folk som får barn, får gjerne 15–20 prosent redusert partilfredsheit. Eg ventar det same av koronatida, seier han.