Jobbar med å sikre kraftforsyninga: - Sjukdom er den største trugselen

Montørane i Mørenett blir tett følgt opp, og det er gjort risikovurderingar og gjennomført tiltak for å sikre dei i ein krevjande kvardag, melder nettselskapet i ei pressemelding  Foto: Mørenett

Nyhende

Mørenett har sett i verk ei rekkje tiltak for å ha tilstrekkeleg bemanning og sikre at kundane har ei trygg og stabil kraftforsyning, fortel nettselskapet i ei pressemelding

– Ein av dei største trugslane for Mørenett er om mange av dei tilsette vert sjuke. Difor er det eit hovudfokus å hindre smitte blant medarbeidarane, spesielt blant dei som vert sett på som kritisk personell, seier Rune Kiperberg, administrerande direktør i Mørenett.

Ifølgje pressemeldinga innførte selskapet tidleg heimekontor og andre smitteavgrensande tiltak for dei tilsette.

– Vi har gode beredskapsplanar som sikrar oss tilgang til ressursar frå andre geografiske område og samarbeidspartnarar, dersom det skulle verte naudsynt, forsikrar Kiperberg.

Montørane blir tett følgt opp, og det er gjort risikovurderingar og gjennomført tiltak for å sikre dei i ein krevjande kvardag.

Mørenett er einaste selskapet i fylket med døgnbemanna driftssentral som styrer kraftnettet. Etter korona-utbrotet støttar Mørenett andre nettselskap med beredskapstenester, for å redusere samfunnsrisikoen.

– Driftssentralen er hjartet i drifta av kraftnettet. Det er difor svært viktig å sikre denne funksjonen, og vi har no to driftssentralar som er bemanna på to ulike geografisk skilde stader. Slik reduserer vi konsekvensen av eventuell smitte, seier Kiperberg.

Nokre prosjekt blir utsett

Mørenett har dagleg dialog med leverandørane sine og går gjennom beredskapslager for å sikre at det er nok materiell på lager til vedlikehald og feilretting.

– Fram til no fungerer transport og logistikk godt. Vi har utsett noko arbeid som ikkje er vurdert som kritisk, for å redusere risikoen knytt til spreiing av koronavirus. Planlagde utkoplingar i nettet er difor redusert til eit minimum. Den viktigaste oppgåva vår er no å vareta samfunnsansvaret vårt, og sikre kraftforsyninga til alle kundane våre, avsluttar Kiperberg.

Mørenett er det største nettselskapet i Møre og Romsdal, og eig og driftar ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet.