Lars bur i Ulstein, men har hytte i Stryn: - Det vert nok ikkje hyttepåske i år

Familien Fiskerstrand si hytte ligg i hyttegrenda Bøanedsætra i Stryn. Her er det mange frå Ytre Søre Sunnmøre som har hytte.  Foto: Privat

Nyhende

Mange hytteeigarar fortvilar etter at regjeringa torsdag la ned forbod mot å overnatte på fritidseigedomar som ligg utanfor heimekommunen. Bakgrunnen for forbodet er faren for at helsevesenet i såkalla hyttekommunar ikkje skal ha kapasitet til å ta seg av både hyttebuarar og fastbuande ved eit eventuelt utbrot av ein virusepidemi.