Opnar for digitale arrangement på Hareid

Erlend Friestad veit at kulturlivet i Hareid blømer. No håper han at nokon opprettar digitale arrangement som folk kan kose seg med heime i stovene sine. Så er ein på eit vis saman, sjølv om me sit kvar for oss. (arkivfoto)  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Informasjonskonsulent Erlend Friestad i Hareid kommune har latt seg inspirere av Facebook-fenomenet Brakkesyke 2020. No opnar han opp for at for at folk kan reklamere for digitale arrangement på Facebook-sida Det skjer i Hareid.

Kvifor gjer du det?

– Koronaviruset gjer at folk ikkje kan vere saman. Men folk treng å møtast og ein del treng å få utløp for skapargleda si. Det kan gjerast på ulikt vis. Håpet er at bygdafolket er kreative så folk kan kose seg i eigne stover, seier Friestad.

Han har sjølv kosa seg med både konsertar og høgtlesing frå forfattarar som har blitt streama på internett den siste veka. I går var det 40 stk samla til kviss. Dei var ein venegjeng som hadde det moro i lag ved å arrangere kviss på videokonferanse.

No håper at innbyggjarane tar ballen og set seg ned og finn noko dei kan dele på nettet med andre. Det kan vere konsertar, treningstips, eventyrstund for born, yogatime, lefsebakarkurs og mykje anna. Det er berre å bruke kreativiteten.

Musikar og komponistorganisasjonen Tono har under koronakrisa gitt dispensasjon for å søke/betale for bruk til alle digitale konsertar så lenge dei er idealistiske.

Når det gjeld andre rettar (til dømes bøker) må dei avklarast med forfattar/forlag/opphavsperson. Unntaka er verk der opphavspersonen har vore død i minst 70 år.