Hareid endrar sine smitteverntiltak

Nyhende

Kommuneoverlege i Hareid, Karsten Vingen, har laurdag kveld gjort vedtak om å endre smittevernet i kommunen.

Hareid har tidlegare gjort vedtak om at alle tilreisande frå andre fylke i Møre og Romsdal må i 14 dagars heimekarantene. No har dei lempa litt på reglane.

Dette betyr at tilreisande frå Nordland og Troms og FInnmark kan vitje Hareid utan å måtte vere to veker i heimekarantene. Desse to fylka har per i dag, til liks med Møre og Romsdal, færre smittetilfelle av koronoavirus enn landet elles.

Vedtaket tok til å gjelde klokka 18.00 i kveld.

"Eg deler FHI si vurdering av at ein på nasjonalt nivå har gått over i fase 2. Basert på den informasjonen eg imidlertid har tilgjengelig per i dag er det mi vurdering at vi iHareid kommune prinsippielt fortsatt er i fase 0 med ingen kjente positive tilfelle", skriv Vingen.



Vingen grunngjev dette med at det er avgjerande å avgrense inmport av smitte til regionen for å oppretthalde grunnleggande helse- og omsorgstenester i regionen.

".Etter mi vurdering vil den samfunnsmessige nytta ved vedtaket overstige den belastninga og ulempa for dei vedtaket gjeld. Eg vurderer det slik i dag at vedtaket gjeld til 31.03. Dersom den epidemiologiske grunnlaget for vedtaket vert grunnleggjande endra før den tid, eller at FHI gjer vedtak som grip inn i, eller gjer vedtaket medisinskfagleg grunnlaust som eit tilleggsvedtak til nasjonale vedtak før 31.03, vil det bli endra frå aktuell dato", skriv kommuneoverlegen.

Slik er ordlyden i det nye vedtaket:

"For å forsinke spredning av Covid-19 gjer kommuneoverlegen laurdag 21.03. 2020 følgjende vedtak, etter smittevernlova § 4-1 første ledd bokstav d:

1. Heimekarantene på 14 dagar for alle som kjem til kommunen frå fylka:Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet,Vestland og Trøndelag.

2. Personar som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene. Dette gjeld m.a. nøkkelpersonell definert i DSB sin liste over kritiske samfunnsfunksjonar

.3. Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene

4. Innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over. Med mindre andre fylker/kommunar gjer vedtak som begrensar dette.

5. Opphald på Norsk plattform/sokkel med påfølgande heimreise medfører ikkje heimekarantene etter punkt 1

.6. Organiserte, planlagde og akutte pasientreiser innafor heile Norge gir generell dispensasjon frå karantenekravet til Hareid kommune.

Vedtaket har verknad frå 21.03.2020 Kl. 18.00 og gjeld fram til nytt vedtak vert tatt.Vedtaket supplerer Helsedirektoratets vedtak av 12.03.2020. Klage på dette vedtaketavgjerast, jf. smittevernloven § 8-3 av Fylkesmannen i Møre og Romsdal."