Herøy endrar karantenereglar

Nyhende

Herøy kommune rettar seg etter tilrådinga som Fylkesmannen kom med fredag kveld om at alle kommunane i Møre og Romsdal bør ha felles reglar for karantene.i sju dagar framover,



På Herøy kommune sine nettsider opplyser dei at smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i dag har gjort følgjande vedtak:

1. I medhald av smittevernlova §4-1 bokstav d vert det for tidsromet 20.03.- 27.03.20 innført følgjande karantenereglar for tilreisande til Herøy kommune:

a. Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem til Herøy kommune frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland

b. Personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar (jmfr DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar) er unnateke krav om karantene

c. Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unnateke krav om karantene

2. Vedtaket sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt i pkt 1 a.

3. Vedtaket vert gjort gjeldande for reisande som kjem til Herøy frå område nemnde i pkt 1a i perioden 20.03 – 27.03.20.