Inge og Eldfrid fekk fleirstemt helsing frå born og barneborn

Born og barneborn syng til Inge og Elfrid

Nyhende

Det er ikkje så lett å halde kontakten med sine næraste i desse smittefarlege tider. Særleg ikkje når foreldre eller besteforeldre har flytta på alders- og sjukeheim. Men borna og barneborna til Inge (94) og Eldfrid (83) Grimstad visste råd. Laurdag samla dei seg, dei som kunne, til ein aldri så liten minikonsert utanfor Hadartun på Hareid..

- Vi har brukt å besøke dei fleire gongar i veka. Desse besøka har vore ein viktig del av det sosiale livet deira., men den siste veka har det vore vanskeleg å ha kontakt med dei. Mobiltelefonen deira har slutta å virke og det er ikkje så greitt å ringe dei via sjukeheimen heller for å slå av ein prat, så travelt som dei tilsette må ha det no i denne tida, seier sonen Iver Olaf Grimstad.

For å gi foreldra eit lite livsteikn bestemte dei seg difor for å nytte meir musikalske metodar. Han fortel at det var systera hans, Ingfrid, som kom på idéen og som organiserte det heile. På repertoaret stod "Den fyrste song" sm vart framført fleirstemt og dei meir vårlege songane "No livnar det i lundar" og "Alle fugler".