Ulstein ventar med å stramme inn karantenen

- Ei innstramming av karantenetiltaka vil gi næringslivet vårt store utfordringar. Der rår også uvisse om kor god effekt ein har av slike tiltak, seier ordførar i Ulstien, Knut Erik Engh. Ulstein avventar med å følge tilrådingane frå Fylkesmannen.  Foto: Arkivfoto / Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Vi vil ta ei runde med dei av nabokommunane som så langt ikkje har innført innstrammingane, og dei største industribedriftene og MAFOSS på måndag. Etter det tek vi stilling til om vi skal innføre innstrammingane, og eventuelt kva unntak som skal gjelde, seier ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.

Dette er konklusjonen etter at kriseleiinga i Ulstein møttest laurdag for å mellom anna ta stilling til tilrådinga som fylkesmann Rigmor Brøste kom med i går kveld, fredag. Der tilrår ho at alle kommunane i Møre og Romsdal går inn for å ha ein felles praksis når det gjeld karantenereglar. Fylkesmannen tilrår mellom anna at alle som kjem til ei av kommunane i fylket frå fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland må vere i heimekarantene 14 dagar.





– Kvifor vil Ulstein vente med å setje i verk strengare karantenetiltak?

– Vi er usikre på om tiltaka vil gi effekt, noko Folkehelseinstituttet meiner at dei ikkje vil. Samtidig veit vi med sikkerheit at det vil gi næringslivet vårt store utfordringar, seier Engh.