Koronasmitte påvist i Hareid

Nyhende

Det første tilfellet av koronasmitte i Hareid vart påvist søndag 22. mars. Vedkomande er smitta i samband med ei utanlandsreise.

Hareid kommune opplyser på nettsidene sine at den smitta har vore i heimekarantene sidan vedkomande kom heim fra Spania. Dette gjeld også familien. Karantenen vert no omgjort til heimeisolasjon.

- Tilstanden til personen er bra og resten av familien vil bli testa måndag, opplyser kommunen.

Visste at det ville kome

- Vi visste at denne dagen ville kome, sjølv om det ikkje er ei kjekk melding å få. Som kommune er vi så godt budd som vi kan vere, seier ordførar Bernt Brandal på kommunen sine nettsider. Han understrekar likevel at smittetilfellet ikkje vil ha noko å seie for dei fleste innbyggarane i Hareid.