Kvar blei det av guten som fiska?

For ei tid sidan stod det ein gut og fiska med slukstong på Johanplatten på Ytre Hareid. Eg gjekk bort til han og spurte om han fekk fisk. - Nei, svarte han.

Kvar er han no?: Kvar er blåmorten? Kroppungen? Forfangstsilda? Og kvar blei det av guten som stod og fiska? Illustrasjonsfoto / Privat  Foto: Privat

Nyhende

Eg kjente ikkje guten, han var kanskje 10-11 år. Han lurte på om det alltid hadde vore så lite fisk her ved land. Eg trur eg svarte atg det nok alltid hadde variert etter kva tid det var på året, men spørsmålet frå guten fekk meg til å tenkje tilbake til då eg var på hans alder, og også yngre enn det. Dei eg heldt meg mykje i lag med var Jan Skrede og Harald Moldskred.

I Fjellvika og Korsnesfjøra var vi og snudde på alle rullesteinane på fjøre sjø for å leite etter alle småkryp som levde der. Vi samla dei i ein dam med sjøvatn på berga. Det vi fann av småkryp var tangbrosme, småfrosk og grønkrabbe. Når floa kom opp igjen, fekk dei friheita tilbake. Slik heldt vi på til vi blei litt eldre, Då byrja vi å fiske med snøre etter småsei og kroppung.

På nordsida av Johanbuda var det ein treplatting. Mellom plankane var det ei opning på 3-4 cm som vi sleppte snøret i mellom. Spesielt når islandsbåtane kom heim og styrte med vraking av sild, kunne det vere ein del fisk å få pga. mykje søl med lake og sild. Det var fleire som var der og fiska, men eg hugsar spesielt brørne Ottar og Tor Nygjerde. Dei var flittige og fiska her. Dei budde på Hareid på den tid.

Seinare då vi blei litt eldre, fekk vi tak i spansketroe – bambustroe – for då kunne vi gå ut på berga og fiske. Men først måtte vi inn på Sanden og spa etter sandemakk som vi brukte som agn. Vi var mykje med Nesjane, nord om Broddbuda, for der var det alltid mykje kroppung – småtorsk. Då vi gvart endå eldre, fekk vi lov til å låne ein robåt, og muligheit blei større for å få meir fisk.

Vi sette både line, og vi dorga. Det var som regel sandemakk vi brukte til agn på lina. Hysa og bleikja likte godt agnet vi brukte. Elles var Harald Moldskred ofte med og dorga etter småsei og makrell. Det var ofte smååte med makrell på Hareidvika om sommaren.

Når eg tenkjer på makrell, kjem eg på at eg var med onkel Leidulf og sette makrellgarn på Hareidvika. Vi kom inn på vika der vi hadde tenkt å setje garn, men dei beste plassane var opptatt. Det blei sagt at der var nokre som hadde faste plassar. Vi måtte derfor snu og ro litt tilbake og tok fast i den ytterste Hovlibuda som stod på sanden. Eg var ikkje med og drog garn, eg veit difor ikkje kva fangsten blei.

Gamlekarane sa ikkje makrell, men sa det var stokkål dei fiska etter. Stokkålen brukte å salte og røykje i ei tønne. I botnen på tønna la dei eine og sagflis, sette fyr og hengte inn fisken på toppen av tønna. Deretter la dei ein fuktig striesekk på toppen, og oppå der att ei regnkappe, stramma så det blei tett. Så slokna elden, men røykjen blei att.Eg veit ikkje kor mange gonger dei gjentok prosessen før stokkålen – makrellen – var ferdig røykt.

Det er nok mange ting som har forandra seg med livet i havet sidan eg var guttunge. Blåmorten, kvar har han gjort av seg? Ja, han er nok ein stad no også. For fleire tiår tilbake kunne vi sjå at blåmorten som er mindre enn det vi kallar småsei, kokte eller vod langs med land når straum og vêrforhold låg til rette for det. Blåmorten meiska seg i raudåte. Eg veit ikkje om det er blåmort eller raudåte det er mangel på.

Det eg tenkjer på er lokalt frå Hareidsvika til Kvitneset. Sjøørreten som vi ofte såge hoppe langs land, er det også lenge sidan eg har sett. Det er fleire andre fiskearter som det har minka på, iallfall her lokalt. Eg kan nemne nokre: blålange, blankstein, kroppung, berggylte, laks og hyse. Forfangstsilda er også fråverande. Ho var trufast og kom inn i fjordane våre etter at stor- og vårsilda hadde gytt og forlate kysten.

Kvar blei det av guten som fiska med slukstong på Johanplatten på Ytre Hareid og som sette meg på sporet? Han er for lengst over alle haugar no, men før han drog, stilte han meg eit spørsmål: trur du at alle fiskeartane kjem att og på same måten som før i tida?

Då vart eg svar skuldig.