Nytt smittetilfelle i Ulstein

Søndag vart eit fjerde tilfelle av koronasmitte påvist i Ulstein. 

Nyhende

Ulstein kommune fekk søndag 22. mars sitt fjerde smittetilfelle når det gjeld koronaviruset. Det går fram av oversikten på kommunen sine nettsider.

Også dette tilfellet gjeld ein yngre person.

Vedkomande har vore utanlands og har vore isolert sidan heimkomsten.

Talet på utførte koronatestar i Ulstein er no oppe i 81.

Førre smittetilfelle vart påvist 20. mars, medan to tilfelle av smitte vart oppdaga 17. mars.