Trur det vil bli ein annleis 17. mai

Korleis feiringa av nasjonaldagen vil bli i år er framleis uvisst. Biletet er frå Hjørungavåg 17. mai for to år sidan.  Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

– Vi må kanskje feire 17. mai annleis i år, seier statsminister Erna Solberg (H). Ho oppmodar folk til å legge alternative planar.

Svaret på om vi kan feire nasjonaldagen som vanleg, kom då statsministeren svarte på spørsmål frå folk via ein direktesend video på Facebook søndag.

– Eg håper at vi har komme i ein annan situasjon når vi nærmar oss 17. mai. Men vi må kanskje tenkje at vi må feire annleis, seier ho.

Ho seier det kan komme ei blomstring dersom mange samlar seg for å gå i tog, men legg til:

– Vi bør kunne feire sjølv om det ikkje er normalisert endå.