Dei lokale bankane kuttar i rentene:

– Det er stor uro i finansmarknaden

Kuttar 0,35 prosentpoeng: Sparebank 1 Søre Sunnmøre kuttar sine lånerenter med inntil 0,35 prosentporng. Det stadfestar administrerande direktør Stig Brautaset (her saman med avdelingsbanksjef i Ulsteinvik, Lillian Kleven Breivik). Arkivfoto. 

Nyhende

Oppdatering: Måndag har Sparebanken Møre kutta sine renter på bustadlån og innskot med inntil 0,50 prosentpoeng. Det vil seie at den totale rentenedgangen er på inntil 0,85 prosentpoeng. Nordea har også senka sine renter for andre gong i denne perioden. Dei varsla sist veke eit kutt på inntil 0,5 prosentpoeng og har måndag kutta ytterlegare 0,35 prosentpoeng. Også Sparebank 1 Søre Sunnmøre har kutta sine renter for andre gong, slik at også dei kuttar inntil 0,85 prosentpoeng.