Ber om stenging av alle fotballbaner

Norges Fotballforbund ventar på tydlegare retningslinjer frå helsemyndigheitene.

Stengd: Dei lokale fotballklubbane har gitt beskjed om at deira anlegg er stengde. Fotballforbundet vil ha tydlegare retningslinjer. 

Nyhende

Sunnmøre Fotballkrets skriv på sine nettsider at dei får signal om at det blir drive eigenorganisert fotballaktivitet på baner i kretsen. Dei skriv også at Norges Fotballforbund ikkje har eit klart svar på om dette er lov. Fotballforbundet har difor kontakta helsemyndigheitene for å be om tydlegare retningslinjer for om ein kan halde opne fotballbaner for eigenorganisert aktivitet.

Hødd, Hasundgot, Haddal IL og Hareid IL har alle lagt ut informasjon i sine kanalar om at dei har stengt sine anlegg for aktivitet.

Fram til ein får tydlegare retningslinjer ber Fotballforbundet om at baner blir verande stengde.