Første kontrakten med nye eigarar

Nyhende

Som Vikebladet Vestposten skreiv tidlegare i vinter skulle Kleven Verft utruste og ferdigstille eit plattform supplyskip (PSV) i samarbeid med Havyard.



No har Kleven inngått kontrakt direkte med den kanadiske reiaren Atlantic Towing Ltd.


Skal ferdigstille PSV på oppdrag frå Havyard:

No ligg det uferdige skipet klart til utrusting ved Kleven Verft


- Me har tatt over kontrakten og signert direkte med reiar for å avlaste Havyard. Me kjem likevel til å samarbeide tett med Havyard fordi dei har fleire leveransar til prosjektet. Skipet passar veldig bra inn i porteføljen til Kleven, og dette er ei veldig god nyheit for verftet, seier administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad, i ei pressmelding.

Den første på langt tid
Kontrakten blir Kleven si første kontrakt innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014, og det første byggjelånet sidan kontraktane med Hurtigruten i juni 2016.

- Både byggjelån og kontrakt er på plass, og det betyr at arbeidet med PSV’en no kan starte for fullt. Kontrakten sikrar at me held vår dyktige arbeidsstokk med arbeid framover, noko som betyr enormt mykje for oss, seier Bollestad vidare i same pressemelding.

Dette er den første kontrakten etter Kleven fekk ny verftseigar.



Drifta ved Kleven held fram, også no under koronapandemien. Dei melder om at dei held seg til alle råd og retningslinjer frå lokale og nasjonale myndigheiter for at produksjonen skal gå føre seg så forsvarleg som råd.



Isklasse og batteripakke

Skipet har eit Havyard 833 design levert av Havyard Design & Solutions. Norwegian Electric Systems leverer energisystem, inkludert batteriløysingar og kontrollsystem. PSV’en som Kleven skal bygge er energieffektiv og har stor lastekapasitet. Den har 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 50 personar. PSV’en vil mellom anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil sørge for lågt dieselforbruk.

Skipet skal bli levert til Atlantic Towing Ltd, som er eit dotterselskap av kanadiske JD Irwing Ltd.

Overlevering til kunden er planlagt i løpet av hausten 2020.