Solberg om koronasmitten: – Vi trudde vi hadde mykje meir tid

Statsminister Erna Solberg seier regjeringa inntil nyleg trudde dei hadde meir tid til på seg til å takle koronasmitten. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Berre to dagar før det historiske vedtaket om å stenge ned Noreg torsdag 12. mars, forstod regjeringa verkeleg alvoret, seier statsminister Erna Solberg.

Før dette levde statsministeren og resten av regjeringa i trua på at smitten var mykje mindre, ville gå saktare og kunne handterast på ein mykje enklare måte enn det som var tilfellet, fortel Solberg (H) i eit intervju med VG.

– Vi visste at det var alvor i slutten av januar, då vi vedtok å gi fullmakt til Helsedirektoratet for å setje i gang smitteverntiltak. Men vi trudde vi hadde mykje meir tid enn vi fekk, seier Solberg.

– Eg trur tidspunktet då eg merka det store skiftet, at no kjem det til å gå mykje raskare, var i helga 6., 7. og 8. mars. Då kom alle dei store tala på folk som hadde hatt ferie i Austerrike og vorte sjuke.

Først då fekk ho vite at folk vart sjuke utan at ein klarte å spore spreiinga.

– Det var då vi vart samde om at vi måtte setje i gang kraftfulle økonomiske tiltak, for vi tenkte at her vil det bli større arbeidsløyse, fortel Solberg om helga for to veker sidan.

– Det andre tidspunktet er sjølvsagt dagane mellom 10. og 12. mars, då vi gjekk ut med dei strenge krava om at ein måtte stenge ned meir og avgrense fysisk samvær meir i Noreg. Det kjem av at vi hadde byrja å få spreiing som vi ikkje kunne føre tilbake til smittekjelda. Det var eit knekkpunkt.

Ho seier avgjerda om å innføre dei strengaste krisetiltaka vart teken like før pressekonferansen 12. mars, etter at Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet tilrådde det.