Straumstans i Ulstein

Nyhende

Rundt klokka halv ti måndag kveld ramla straumen ut til 114 kundar i Ulstein kommune.

Straumen kom tilbake, men berre nokre minutt seinare fekk dei utfall på delar av Ulstein og ut mot Flø.

Mørenett fekk delt av på Gåsneset, så då fekk resten tilbake straumen, medan det seint måndag kveld framleis var straumlaust på Flø. Montør var på veg for feilsøking, så Mørenett arbeider for at også innbyggjarane på Flø skal få tilbake straumen.

Mørenett seier til Vikebladet Vestposten at det var ein jordfeil som gjorde utslaget.