Ulstein kommune møtte næringslivet: – Vi tek innspela på alvor

Møtte næringslivet: I forkant ser ein kommunedirektør Verner Larsen (t.v.) og ordførar Knut Erik Engh, begge med ryggen mot kamera, og frå venstre mot høgre rundt bordet ser ein Dag Skarbø, plassjef i Kongsberg Maritime, Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Mafoss, Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, Magne Gurskevik, HR-sjef i Kleven Verft, Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum, Inge-Jonny Hide, dagleg leiar i Myklebust Verft og kommuneoverlege Norunn K. Elde.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Måndag møtte fleire representantar frå næringslivet i Ulstein, og éin frå Sande, i kommunestyresalen for å gje sine innspel rundt koronakrisa til den politiske og administrative kommuneleiinga.