Ulstein vil ikkje innføre eigne karantene-reglar

Tok i mot innspel: Ordførar Knut Erik Engh (Frp) og kommunedirektør Verner Larsen innhenta innspel frå næringslivet måndag morgon. 

Nyhende

Kriseleiinga i Ulstein kommune hadde møte i dag og drøfta Fylkesmannen si oppmoding og forventing om reisekarantene. Fylkesmannen oppmodar kommunane om å innføre like karantenereglar i fylket. Ho bad dei innføre heimekarantene på 14 dagar for alle personar som kom reisande frå Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland. Dette ville ho innføre for å hindre at mengda smitta personar ikkje overstig tilgjengeleg kapasitet for helsevesenet.