Volda og Ørsta går imot Fylkesmannen: Innfører ikkje reiseforbod

Volda og Ørsta kommunar innfører ikkje lokalt reiseforbod. Kommunene vil vente på nasjonale føringar.    Foto: SVEIN AAM/ARKIV

Nyhende


Fylkesmann Rigmor Brøste gjekk fredag ut og oppmoda alle kommunane i fylket om å innføre likelydande karantenevedtak. Eit slikt vedtak vil gi heimekarantene i 14 dagar for personar som reiser til Ørsta kommune frå fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland. Fleire kommunar på Søre Sunnmøre som Hareid og Vanylven har allereie innført reiseforbod. Volda og Ørsta kommunar gjekk måndag ut med beskjed om dei ikkje innfører eit slikt forbod.

– Vi har hatt som politikk at vi i størst mogleg grad legger oss på nasjonale føringar, seier kommunedirektør Wenche Solheim til Møre-Nytt.

Eit reiseforbod vil medføre sakshandsaming og det vil kome søknader om unntak og fritak ifølgje Solheim.

– Det blir ei byråkratisering. Vi fokuserer på meldinga om at folk ikkje må reise meir enn dei må, hald deg heime og i ro. Så står vi han av i staden for å kome med eigne vedtak som vil vare nokre få dagar. Om regjering og Stortinget vedtek nasjonale forbod vil vi rette oss etter dette.

Volda gjer som Ørsta

Ørsta kommune har vore i dialog med Ulstein, Volda og Vanylven om eit lokalt reiseforbod. Volda kommune har lagt seg på same line som Ørsta.

– Volda kommune følgjer for sin del dei nasjonale tiltaka og ventar på nærare nye signal frå myndigheitene i morgon om kva tiltak som skal gjelde vidare. Kommuneoverlegen i Volda kommune finn ikkje å skrive ut hastevedtak om reisekarantene som kan gi inntrykk av at vi vert meir skjerma i Volda-samfunnet med eit slikt tiltak. Smitta er i vårt lokale miljø, og det som gir effekt er at folk er lojale til dei nasjonale tiltaka og råda. Vi held fram med å presisere overfor innbyggjarane at alle må ta ansvar og følgje råda for å unngå å verte smitta sjølv og unngå å smitte andre. Problemstillinga vert også lagt fram for formannskapet torsdag 26. mars, skriv kommunedirektør Rune Sjurgard i eit brev til Fylkesmannen.

Kommunedirektøren i Volda opplyser at kommunen ikkje har vurdert om det er lovheimel for å innføre eit reiseforbod.

– Det er vanskeleg å vite kva som er rett, og vi har respekt for at det kan vere ulike syn i ein så usikker situasjon. Kanskje er fylkesmannen si handlekraft det rettaste, men vi ynskjer som nemnt å ha eit breiare grunnlag før det ev vert gjort eit slikt vedtak.

– Kan gi falsk tryggleik

Kommunedirektøren i Ørsta seier at eit reiseforbod kan gi ein falsk tryggleik.

– Nokre vil kanskje tenke at viss vi stenger andre fylke ut så har vi det bra i Ørsta. Vi fryktar at vi allereie har smitte i kommunen som ikkje er påvist. Rådet vårt er at alle må oppføre seg som om dei er i karantene. Tenk at her er smitte, ha minst mogleg kontakt med andre og reis minst mogleg. Så skal dette gå bra og vi skal klare å redusere smitten, seier Solheim.

Eit reiseforbod i Volda kommune vil kunne gi nokre lite praktiske utslag.

– Folk som bur i Bjørkedalen og som reiser til Nordfjordeid for å handle vil då automatisk hamne i karantene i fjorten dagar. Vi ønsker ikkje å få smitte til Ørsta. Difor er oppmodinga å reise minst mogleg og halde seg i ro. Det syns vi folk har vore flinke til å gjere, seier Solheim.

Etter det Møre-Nytt er kjende med vil Ulstein kommune ta ei avgjerd om reiseforbod måndag ettermiddag. Herøy har stramma inn karantenereglane i samråd med Fylkesmannen si oppmoding.

Denne saka stod først i Møre-Nytt