Åtvarar mot svindelforsøk

Sikkerhetsdirektør Ragna Fossen i Skatteetaten åtvarar mot kriminelle som utnyttar skattemeldinga til å svindle folk. (Foto: Andreas Vatnøy, Skatteetaten) 

Nyhende

Sist veke starta Skatteetaten å sende ut årets skattemelding. I løpet av mars og april skal alle som tek imot løn, pensjon eller uføretrygd i Norge få denne, men i denne perioden observerer Skatteetaten at svindlarar prøvar å utnytte dette.

I ei pressemelding skriv Skatteetaten:

"Kvart år når det nærmar seg tid for skattemeldinga begynner merkelege e-postar å florere. Med falske løfter om pengar til gode og med logo og avsendar som gjør det lett å tro at Skatteetaten er avsendar."

Skatteetaten åtvarar om at dei aldri sender lenker, verken i e-post eller på sms, samt at dei ikkje spør etter bank- eller kredittkortopplysningar i desse kanalane.

"Du mottar ein e-post frå Skatteetaten når skattemeldinga er klar, og blir bedt om å sjølv oppsøke våre nettsider og logge inn der", skriv etaten i pressemeldinga.

– Vi opplever årleg at skattytarar blir utsett for mange store phishingbølgjer på viktige skattedatoar, oftast gjennom e-postar med hensikt å lure mottakarar til å klikke på lenker og gi frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast til svindel eller ID-tjuveri, seier direktør for sikkerheitsstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen.

Ifølgje Skatteetaten melder dei som regel phishing- og svindelforsøk der Skatteetaten er nytta som avsendar, men dei slår fast at det er mottakarane som må vere observante, slik at dei ikkje blir lurt av svindelforsøka.

Skatteetaten har laga seks tips til kva ein kan gjere for å hindre å bli lurt:

  1. Sjå nøye på e-postar og sms-ar du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten/sms'en og sjekk avsendar, og tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  2. Samanlikn avsendar adressa med tidlegare ekte e-postar/sms'ar. Sjå spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å herme.
  3. Ver særleg oppmerksam dersom du i ein e-post/sms blir bedt om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller sikkerheitskoder.
  4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende, klikk ikkje på lenker ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  5. Spesielt på mobil kan det vere freistande og klikke på ei lenke i farta, ikkje gjer det.
  6. Er du i tvil, dobbeltsjekk med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ring 800 80 000.